Onsdag 7. januar startar det opp nytt babysongkurs på Fitjar bedehus.

Babysongkurset består av 8 samlingar på 1,5 time kvar og vert arrangert av Fitjar sokneråd. Ein startar med songstund der babyane får liggja/sitta på ei dyna på golvet med mødrene/fedrene rundt. Det vert sunge både kjende og kjære barnesongar og ein får læra nye barnesongar og regler. Stunda vert variert med lyttestykker og ulike opplevingar knytta til songane og reglene. Etter songstunda er det nistemåltid og god til til å prata og verta kjende med kvarandre. Påmelding bør skje innan laurdag 3. januar til Helga Rimmereid (975 28 001 / helgari@frisurf.no ) eller Astrid K. Prestbø  (976 25 833). Datoane for babysongsamlingane finn ein på kalenderen her på Fitjarposten.