Sist søndag «krasja» arrangementet «Søndagsskoletivoli» med «Open dag i Årskog». Begge arrangementet var sett opp på same tid utan at dei visste om kvarandre. Slikt kan ein unngå om ein brukar aktivitetskalenderane.

Fitjarposten har hatt ein slik kalender ei tid. Ein del brukar denne, og me oppmodar fleire til å gjere det same. Her kan  organisasjonar eller  lag sjølv leggja inn arrangementa sine så snart ein har bestemt når arrangementet skal vera. 
Gå inn på kalenderen rett til høgre for hovudsaka, og følg instruksjonane. Får du det ikkje til, kan du sende opplysningane på e-post til oss, så vil vi leggje dei ut for deg. Tenesta er gratis.

No har òg Fitjar kommune lagt ut aktivitetskalender på si side. Om du vil kan du leggja ut  arrangementet ditt der òg. Her finn du «aktivitetskalender» i menyen på venstre side.