F.v.:Tove Vikanes Agdestein og Bente Bjelland. Foto: Ingrid Hovstad

Kultursjef i Fitjar kommune Bente Bjelland og folkehelsekoordinator i Stord kommune Tove Vikanes Agdestein gjev deg gode tips til sommarferien. Kva med ein piknik i Fitjarøyane, eller ein sykkeltur med heile familien?

Denne artikkelen har vore på trykk i sommarguiden «øya mi» som vart gitt ut av Fitjar og Stord kommune.

Bente Bjelland nyt vanlegvis sommarferien i utlandet, men kvir seg ikkje til å ta ferien i Noreg, og har allereie sommarplanane klare.

– I sommar tenkjer eg at eg skal bli enno betre kjent med øyriket ved å leiga meg ein piknikpakke frå turistinformasjonen på Fitjar. Då får ein med eit hendig kart med tips om kor dei flottaste strendene er både i øyane og i Kråko. Nytt av året er at ein kan ogso leiga båt hos turistinformasjonen, om ein ikkje har sjølv, fortel Bjelland.

Mengder av kultur

Bjelland har mange tips til sommaraktivitetar ein kan ta seg til på Fitjar, sjølv under ei koronakrise der mange av dei faste sommarhendingane er avlyst.

– Om ein ynskjer å besøkja eit kulturminne i sommar, vil eg råda folk til å ta seg ein tur til kolerakyrkjegarden på Vestbøstad. Den er nyleg fiksa opp, og har fått heilt nye informasjonsskriv. Ein guida tur i kulturløypa i sentrum bør ogso opplevast. Den har fått nytt manus, og ein får læra om den spennande vikingtida på Fitjar på ein underhaldande måte, fortel den engasjerte kultursjefen.

Toralv Røen monterer infotavla ved Kolerakyrkjegarden. Foto: Kulturkontoret

Ta dei minste med til Dåfjorden

Bente Bjelland reknar med at mange småbarnsforeldre sit og klør seg i hovudet og lurer på kva dei skal finna på for dei minste denne spesielle sommaren.

– Småbarnsforeldre kan boltra seg i «Tarzanløypa» i Dåfjorden. Stien startar på andre sida av vegen ved Selevik skule. Elles kan ein jo aldri bli lei av å sjå ned på vakre Fitjar frå Midtfjellet, og den flotte nye universelt utforma helsesportløypa rundt Olstjødno kan eg tilrå på det sterkaste.

Kultursjefen er svært engasjert i arbeidet med restaureringa av dei freda bygningane på Smedholmen, eit arbeid som skjer i regi av Fitjar kommune og Forsvarsbygg.

– Eg håpar at me skal få starta med utleige mot slutten av sommaren. Smedholmen er ein nasjonalskatt, og eg gler meg til fleire skal få bli kjent med øya, avsluttar Bjelland.

Smedholmen Kystlag på dugnad. Her føre kårhuset. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Sykling – ein aktivitet for heile familien

Folkehelsekoordinator i Stord kommune Tove Vikanes Agdestein tykkjer sommarferien bør nytast i Noreg, ikkje berre under ein pandemi, men alltid.

– Noreg er jo so fint om sommaren, og eg håpar folk ser på denne sommaren som ein moglegheit. Ein sjanse til å oppdaga alle dei utruleg flotte perlene regionen vår har å by på. På kjøpet får du ein kortreist miljøvenleg ferie, som støttar lokalt næringsliv.

Sjølv plar Vikanes Agdestein ta ferien litt på sparken, men det vert ofte hyttekos på fjellet, båtturar i Sunnhordlandskjergarden og flotte sykkelturar.

– Sykkelbyen Stord bør nytast, og syklar kan ein leiga hos BUA. Ein personleg favoritt er å ta med familien og syklar om bord på snøggbåten, eller ferja for eit kjapt skifte i omgivnadar. Om ein vil ta ein dagstur eller legga inn overnattingar bestemmer ein sjølv. Ein sykkeltur over brua til Nautøya for å bada og leita etter krabbe er heller ikkje å forakta.

Silje Vågen Torbjørnsen på sykkel under eit triatlon i fjor. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Lag enkle planar

Sommaren er til for å kosa seg, og Vikanes Agdestein tilrår at ein ikkje lagar seg for avanserte planar.

– Ikkje lag planar ein ikkje har tid eller ressursar til, men gjer det heller enkelt. Ta ein piknik i Vidsteenparken, lån ein kano på Storavatnet eller berre slå opp telt i hagen. Det skal ikkje alltid so mykje til for å ha det gøy. Ikkje la deg skremma av veret. Ta deg ei bekkevandring til dømes.

– Eg vil ogso tipsa om at Vestland Idrettskrets arrangerer gratis ferieaktivitetar til born og unge (8-13 år) på Stord i sommarferien. Eg veit at mange sette pris på dette tilbodet i fjor, men at det var plass til fleire.

Våg noko nytt!

Tove Vikanes Agdestein sitt aller beste tips er veldig enkelt; prøv nye ting.

– Ta sjansen på ein tur ut, uansett ver. Gå ein ny sti, prøv ein ny badeplass, lån ein sykkel. Perlene ligg tett på øya vår og kanskje finn du ein ny favoritt, avsluttar ho.