Mange nyt finveret til ein tur ut i naturen, men ogso ute bør ein ta omsyn for å hindra smittespreiing under koronapandemien.
Fitjar kommune og Stord-Fitjar Turlag kom i går saman med reglar for ferdsel i fjellet. Dei ber folk halda god avstand til andre, helst bør ein halda avstand på to meter til dei du treff på og vil prata med.
– Ikkje bruk gapahukane og borda som er sett ut, og lat vera å skriva deg i bøkene som er lagt ut, skriv kommunen.
Dei ber deg elles gjera det du kan for å hindra smittespreiing.
– Ha ein god tur og nyt alt som fjellet elles har å by på, avsluttar Turlaget.