Gjengen på biletet er båtfolk frå Askøy (A) og Øygarden (Ø) – og så har dei hatt tradisjon for å ta turen til Fitjarrevyen, i alle fall i 10 år. Framme: Tor-Bjarte Jakobsen (A), Åse Pettersen (A), Leon Fauskanger(A), Ann-Iren Semshaug (Ø), Arvid Åmodt (A), Knut Borge Breivik (Ø), Fredrik Glenjen (Bergen), Geir-Inge Svellingen (Ø) og Kjell-Rune Svellingen. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Me møtte dei på Sjøsio der det i dag var skikkeleg sommarstemning med mange båter og livleg folkeliv, sjølv om sola enno ikkje hadde synt seg. Gjengen fortel at dei har vorte kjende i båtsamanheng, og så det det vore ei felles interesse av å dra til Fitjar og revy.

-Det er svært sosialt, og så er det kjekt å kome her. Supert at butikken ligg så nært båthamna, smiler dei.Om revyen seier dei at dei har skikkeleg san for dei lokale parodiane, sjølv om dei ikkje skjøner alle dei lokale poenga. 

-Og så allsongen. Den er topp!  Me syng litt me òg i ymse samanhengar, seier dei, og så smeller dei til med:  -Da e den beste songen du får på heile Vestlandet!!. Og så  ler dei, og me merker at latteren sit laust hos denne gjengen

Og me har vel ikkje grunn til å tru at  latterdøra deira akkurat vil bli lukka under revyen i kveld…