Denne fura klarte ikkje å retta seg heilt opp att, så her gjeld det å passa seg. Foto: Kjetil Rydland.

Strålande skiføre etter ca. 10 cm nysnø natt til laurdag.

Etter 10 cm nysnø viste det seg å vera særdeles fint skiføre i dag. Fitjarposten sjekka føret frå Dalshaugane og inn til Kongsskogen. Føret viste seg å vera heilt strålande. Snøen heldt nok 2-3 minusgrader og var lett og fin.

Det var nesten ikkje folk ute, så dessverre er det mange som ikkje veit kva dei gjekk glipp av. Men hermed får dei altså eit hint. I Sveivo, rett utanfør Søliø, møtte me tre unge menn som hadde overnatta på hytta i Kongsskogen. Dei rapporterte om eit strålande opphald, med måneskin og snøfall som begynte i 2-tida i natt.

Fast underlag og 10 cm nysnø oppå har gitt det finaste skiføret ein kan tenkja seg. Underteikna har nok ikkje opplevd skiføret i Kongsskogen så fint på 40 år!

Denne fura klarte ikkje å retta seg heilt opp att, så her gjeld det å passa seg. Foto: Kjetil Rydland.

Tre kjekke unge menn hadde laga løype frå Kongsskogen og ned til Sølio. F.v. John Gunnar Vedøy, Thor M. Solnes og Erling Lodden. Til høgre, i raudt, ein etnisk ovbygding.
Tre kjekke unge menn hadde laga løype frå Kongsskogen og ned til Sølio. F.v. John Gunnar Vedøy, Thor M. Solnes og Erling Lodden. Til høgre, i raudt, ein etnisk ovbygding.