Fitjar bedehus fyller 30 år i år og det nyleg oppussa huset skal feirast med stor jubileumsfest søndag 23. september.

Etter 30 års aktivt bruk var det trong for oppussing av bedehuset og i forkant av jubileumsfeiringa har huset vore gjennom ei stor ”ansiktsløfting”. Den kjærkomne fornyinga har hatt ei kostnadsramme på 1,2 millionar og omfattar først og fremst endringar innomhus, men det er og gjort forbetringar på utsida. Fitjarposten har skrive om denne oppussinga tidlegare i år, og du kan lesa artikkel om det her. Etter at oppussingsarbeidet no er nesten heilt ferdig står hovudetasjen i huset fram som lys, stilrein og moderne.

Aktiviteten på Fitjar bedehus er svært stor med tilbod for alle aldersgrupper. Kvar søndag er det møte på kveldstid eller ettermiddagstid, det er møteveker og basarar og mange faste arrangement som fyller huset med folk mange gongar i løpet av kvar veke. Det er babysongkurs, småbarnstreff, barnekor, jenteforeining, klubb, søndagsskule, ten-treff, bygdekvinnelag, musikkforeining, misjonsforeiningar, pensjonistlag, bønemøter, vitnemøter og endå meir. Huset vert og leigd ein del ut til private arrangement som barnedåpar, konfirmasjonar, bryllaup, årmålsdagar, slektstemner, minnesamvær og anna.

Søndag 23. september inviterer bedehusstyret til stor jubileumsfest. Då kan alle få ta den oppussa jubilanten i nærare i augesyn og ta del i feiringa av det flotte huset og all den gode aktiviteten som finn stad der. Dette skal vera ein fest for både små og store, med tale, søndagsskule for ungane under talen, musikkinnslag, middag og festkaker. Ole Abel Sveen vert med som talar, det vert song av både ungar, Praise Him, Fitjarbrørne og Musikkforeiningen og Tore Tangen, som var sokneprest på Fitjar då bedehuset vart bygd, vert med på festen. Ordførar Wenche Tislevoll og sokneprest Olav J. Oma vert og med og kastar glans over jubileet. Alle er velkomne på jubileumsfesten og styret håpar riktig mange tek turen til bedehuset denne søndags ettermiddagen, for å feira den nyoppussa 30-årsjubilanten.