Varehuset Rydland har utvida med ny kvitevareavdeling som dei har nyopning på i morgon, torsdag.

– Me har utvida med 35 m2, fortel Karsten Vestbøstad til fitjarposten.no og peikar mot den nye avdelinga. – Mellom anna kan me no tilby rundt 15 nye produkt, og me har fått utstillingsplass til innbyggingsprodukta til integrerte kjøkkenløysingar, seier han.

Torsdag stiller dei med fleire spesialtilbod (sjå annonsen til høgre), serverer kaffi og kaker – og det vil òg vere tilbod på mykje anna i butikken. Tilboda varer så lenge lageret rekk, men ikkje lenger enn til laurdag.

– Torsdag vil ein representant frå Bosch vere til stades og demonstrere kvitevareprodukt, mellom anna innbyggingsprodukta, opplyser Vestbøstad til slutt.