Desse krossane har du kanskje ikkje sett før. Det har vore der heile tida, men når dei var svartmåla som resten av rekkverket, såg me dei ikkje.

Men Ole Træet, som i si tid var med og laga dette rekkverket, visste om dei. Han visste òg at dei opprinneleg var gullmåla, og han ønskte at dei igjen måtte bli som dei ein gong var.

Han fekk klarering av kyrkjeverje Harald Rydland, og fekk med seg Per Drønen. Og så vart arbeidet gjort!

No lyser igjen krossane mot oss, slik dei gjorde då rekkverket var nytt.