Det blei født heilt utanfor sesong, lammet som kom til verda i nærleiken av Fitjarsåto i dag.

Når me skriv 5. september, er me fire-fem månader unna normal tid for lemming. Vanlegvis har me sauene til om hausten, slik at dei lemmar rundt påsketider, etter eit svangerskap på 148 dagar. Sjølv om dagens fødsel ikkje er nokon biologisk sensasjon, er det slett ikkje kvar dag noko slikt skjer.

Sist det blei fødd lam heilt utanfor sesong i saueflokken på Rydland, var i 1963. Då fekk «Lurvo» lam i slutten av august, etter at ho utan blygsel hadde seg med ein gravêr på heimebøen rett før påske. Underteikna er det einasta nolevande vitnet til den sjeldne hendinga.

Den gongen var det klart for alle kven som var far, i dag er det litt meir uvisse knytt til farskapet. Men saueeigar Karen Elisabet Rydland Sæbø meiner det må vera sauen «Shaun» som er opphavsmannen. Han er ein fin andrepremievêr av rasen norsk kvit sau, og har lang hale, nett som dagens nyfødde vêrlam. Mora er av rasen gammalnorsk spelsau, med kort hale. Derfor kjem nok ikkje «Shaun» unna farskapet.

Opphavet til dagens fadese er ein ubrukeleg vêr frå Moster. Den var av rasen gammalnorsk spel, og blei kjøpt inn for å gjera sauene til Karen Elisabet drektige. Men han lukkast ikkje med ein einaste! Dermed måtte han bøta med livet, som rett og rimeleg var. Dagens nybakte mor skulle altså ha hatt eit nyfødd lam på det tidspunktet då ho blei gjort gravid i vår. Karen Elisabet veit ikkje akkurat kor tid og korleis det har skjedd, men resultatet taler for seg.

Smalabonden på Rydland er særs takknemleg overfor dei som varsla om den sjeldne lammefødselen i vindmølleparken i dag. Kristian Skumsnes og Torhild Hovstad var og såg om sine eigne sauer i fjellet då dei fekk auge på det nyfødde lammet. Karen Elisabet fortel at då ho kom fram til Fitjarsåto, såg ho to ørnar krinsa over fjellet. Derfor var ho ekstra glad over å kunna henta heim lam og mor, og i kveld har me konstatert at begge har det bra under buskane heime på Rydland.