Det er no gjort eit administrativt vedtak på at LINK arkitektur AS får i oppgåve i utarbeide byggjeprogram for den «nye» Rimbareid barne- og ungdomsskule. – Dei hadde det beste totaltilbodet, seier skulesjef Edvin Aase til fitjarposten.no.

I byggjeprogrammet LINK arkitektur skal utarbeide, skal desse elementa vere med:

* Omtale av verksemda og dei aktivitetane som skal gå føre seg der.

* Funksjonsprogram.

* Arkitektur, utforming av bygningar og uteområde.

* Framdriftsplan for sjølve prosjekteringa og byggje- og rehabiliteringsfasen.

Dette krev mellom anna at berørte partar vert involvert, og at det vert lagt opp til samarbeid med brukarrepresentantar og byggherre. Byggjeprogrammet skal vere ferdig til årsskiftet 2011/2012.

Deretter har politikarane ein jobb å gjere for å få starte det heile opp. Det må sendast ut anbod på totalentreprise, og vedtak på kven som skal få jobben.

Går alt dette bra vonar ein å kunne trå til med ein byggjefase i 2013 – 2014 slik at elevane kan ta den nye skulen i bruk når skuleåret 2014/2015 startar opp.