Den nye soknepresten i Fitjar, Olav Oma, heldt onsdag ettermiddag sine første andaktar her i bygda, og det var dei som bur på Fitjar bu- og behandlingssenter og Fitjar Aldersheim som først fekk høyre han. Førstkomande søndag vert det innsetjingsgudsteneste for han i Fitjar kyrkje.