Wenche Tislevoll (H) vart under det konstituerande kommunestyremøtet i dag formelt valt som ordførar i Fitjar. Agnar Aarskog (Ap) vart valt som varaordførar. Det politiske utvala er òg klare.

I samband med overtakinga av ordførarvervet gav Wenche Tislevoll uttrykk for at ho var audmjuk og spent overfor utfordringa ho no skal ta fatt på.

-Som øvste politiske leiar vil eg gjera mitt beste, og eg synest det er spennande å få jobbe vidare med viktige saker som utbygginga på Rossneset, ny skule på Rimbareid, vindmølleutbygginga og samhaldningsreforma. Eg vonar vidare  at eg kan vere  ein samlande ordførar for alle, uansett parti, sa ho.

Tislevoll takka avtroppande ordførar Harald Rydland for god jobb og representasjon, ikkje minst på kultursida, og spesielt for innsatsen under 150-års-jubileet til kommunen.

Harald Rydland ønskte Wenche Tislevoll all mogeleg lukke til og roste hennar politiske evner med gode ord.

I eit tilbakeblikk trekte han fram auka sjukeheimsplassar, utbygging av Fv 545, at Fitjar er ute av Robek-lista og god plassering på kommunebarometeret som ting han var nøgd med å ha fått vere pådrivar for i ordførarperioden sin.

 

Resultatet av vala vart slik:

I formannskapet kjem Wenche Tislevoll (H), Agnar Arskog (Ap), Arne Prestbø (H), Harald Rydland (KrF) og Lars Ove Rimmereid (Sp).

I Utval for plan og miljø finn me: Torstein Grimen (H) (leiar), Annar Westerheim (Ap) (nestleiar), Gunn Marit Søreide (Ap), Bård Inge Sørfonn (KrF) og Sigurd Andre Maraas (FrP).

Utval for oppvekst og omsorg består av: Thoralf Røen (Ap) (leiar), Frode Pletten (H) (nestleiar), Bente Karin Isdahl (H), Grete Marit Veka Maraas (Sp) og Dagfinn Brekke (KrF).

Kontrollutvalet: Helga Auestad (KrF) (leiar), Gro Rydland (Sp) (nestleiar), Johannes Koløen (H), Ove Gjerde (Ap) og Ove Raunholm (Frp).

Valnemnd: Wenche Tislevoll (H) (leiar), Agnar Aarskog (Ap) (nestleiar), Helga Auestad (KrF), Lars Ove Rimmereid (Sp) og Sigurd A. Maraas (FrP).