Mariann Vestbøstad sette to nye verdsrekordar for handicap-symjarar under Bergen Swim-festival i Sentralbadet i Bergen i helga.

Ikkje berre sette ho to nye rekordar. Ho regelrett knuste dei gamle. På 200 meter rygg i dag vart ho klokka inn til ny verdsrekord på 2.49.99, mens den gamle verdsrekorden var på 3.02.01. Ei rekordforbetring på heile 12.1 sekund! I går vart det verdsrekord på 100m rygg med tida 1. 19.30. (Den gamle rekorden her var på 1.21.50.)

-Var du førebudd på dette, Mariann? 

-Nei, dette var overraskande. Eg skjøna rett nok at eg var i framgang, då eg etter ei svært tung treningsperiode ved påsketider sumde berre eit sekund dårlegare enn eg gjorde under VM i fjor, smiler vår lokale storsymjar som vidare fortel at Bergen Swim-festival var det største symjestemnet i Bergen sidan ein arrangerte NM der i 2003.

Den neste meisterskapen for Mariann vert NM, men i sommar skal ho delta på eit stort internasjonalt stemne i Tyskland. Og neste år er det O.L. i Kina. Me seier ikkje meir… berre sender våre hjartelegaste GRATULASJONAR!!