Under Nordsjøstemnet i Stavanger i helga, vart det fire nye verdsrekordar til Mariann Vestbøstad, som no tydelegvis er på veg mot storformen.

På 50 m rygg pressa ho tida ned frå 37.7 til 37.09, på 100 m rygg frå 1.19 til 1.18.89 og den beste tida i verda i hennar klasse på 50 m butterfly er no på 35, 61. (Tidlegare 35,84). Og som ikkje dette var nok tok ho tilbake verdsrekorden på 100 m medley der ho vart notert for svært sterke 1.23,55. Den tidlegare verdsrekorden her var på 1.25.

-Eg er spesielt nøgd med 100 medley og 50 m rygg, smiler Mariann som fekk dei sterke resultata etter høgdeopphald.

-Det var litt spesielt med høgdetreninga. Eg merka at eg måtte ta eit lengre drag med pust i vendingane for å ikkje kome på underskot av oksygen, men at det skulle få ein så god effekt, hadde eg ikkje trudd, seier ho til Fitjarposten.no

Det neste store stemnet er ikkje før NM i april neste år, så ber det til storstemne i USA i mai. Til våren skal ho òg ha eit nytt høgdeopphald i Spania, før det for alvor vert oppkøyring mot Ol i Beijing i september.