Det er no klart at Høgre og Arbeidarpartiet har inngått avtale om kven som skal bli dei nye utvalsleiarane.

Torstein Grimen (H) vert leiar for plan- og miljøsaker og Thoralf Røen (A) skal vere leiar for oppvekst og omsorg. Desse vert offisielt valde på kommunestyremøtet komande onsdag. Den nye fitjarordføraren Wenche Tislevoll opplyser dette til Fitjarposten.

Det føreligg utkast til ei politisk plattform mellom Høgre og Arbeidarpartiet, som skal  godkjennast i styra til dei to politiske partia, seier Wenche Tislevoll.

På telefon fortel Thoralf Røen at han er glad for å bli spurt om å vere leiar i eit utval der han har sterke interesser. Dei tre største oppgåvene i komande periode er samhandlingsreforma som skal innførast, ein rapport om ressursar innan pleie og omsorg og utbygging av ny skule på Rimbareid. Me legg til at Thoralf Røen har lang erfaring frå tidlegare periodar i Fitjar kommunestyre.

Det vart og høve til ein kort telefonprat med Torstein Grimen medan han var i Bergen i dag. Han var nestleiar i utvalet for plan- og miljøsaker siste periode. Torstein Grimen seier det er kjekt å vere med å påvirke utviklinga i kommunen, og han gler seg blant anna til å vere ein del av ei større gruppe no.Tidlegare var han einaste representant for Venstre.