Agnar Aarskog. Arkivbilete Fitjarposten

Styreleiar Agnar Aarskog vonar flest mogeleg nyttar høvet til å koma på informasjonsmøtet med Fitjar Kraftlag i morgon kveld.

Som kjent er Fitjar Kraftlag i støypeskeia. Nye tider krev nye løysingar, og på det ekstraordinære årsmøtet 22. november skal eigarane i Fitjar Kraftlag få seia sitt om forslaget til avtale med Haugaland Kraft. Dette er ein omfattande avtale, og styreleiaren vonar fitjarfolk nyttar alle høve til skaffa seg informasjon, slik at dei veit kva som skjer. Og i morgon kveld blir det informasjonsmøte på Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Styreleiaren understrekar at eit samla styre står bak avtalen som dei har gjort med Haugaland Kraft, og han meiner dei har fått til ein god avtale. Agnar Aarskog fortel at styret i Fitjar Kraftlag har arbeidd med desse problemstillingane i fire år.

Lågare nettleige er ein viktig drivar, men ikkje den einaste

Alle som har vore på årsmøte i Kraftlaget dei seinare åra, veit at den høge nettleiga har vore eit gjennomgangstema. Dette har styret fått kjeft for på kvart årsmøte, vedgår styreleiaren. Ein av grunnane til den høge nettleiga er geografien vår, og Fitjarøyane spesielt. Styreleiaren meiner det blir ein stor fordel å gå inn i eit større selskap som Haugaland Kraft, der det blir det 70-80 000 husstandar å dela kostnadene på.

– Fitjar Kraftlag er topp 3 i Noreg på nettleige, seier Aarskog, som vedgår at dette er ei problemstilling som han har lyst å gjera noko med. – Avtalen med Haugaland Kraft er styret sitt svar på problemet med den høge nettleiga, seier han.

I 2018 burde Fitjar Kraftlag ha teke 5–600 kroner meir enn dei gjer per husstand i nettleige for å ta inn inntektsramma frå NVE, opplyser styreleiaren.

Agnar Aarskog minner om at han frå 1.1.2019 kan han lova 5–6000 kr i lågare nettleige per husstand, og totalt 12–14 millionar for heile Fitjar-samfunnet, dersom det ekstraordinære årsmøtet går inn for avtalen med Haugaland Kraft.

Nye lover og reglar

Ei rekkje nye lover og forskrifter frå styresmaktene gjer det vanskeleg å driva vidare som eit lite selskap. Dette krev meir administrasjon, og me vil ha same krav som til dømes BKK og Haugaland Kraft.

Dette gjeld krav til tryggleik, beredskap, Pluss-kundar, datasikkerheitsdirektivet, ny teknologi, digitalisering, GDPR (personvernforordninga). Til saman er dette drivarar frå NVE som gjer at det ikkje er lett å vera eit lite selskap.

Frå den 1.1.2021 må Kraftlaget ha gjennomført eit selskapsmessing skilje. Då dei me ha tre styre, seier Aarskog, men kan i teorien me ha éin leiar for alle selskapa (minimum eit konsernselskap og to dotterselskap).

– Me kan fortsetja tilnærma som før, seier Aarskog, men det blir for dyrt!

Tryggleik for dei tilsette

Den tredje viktige drivaren bak avtalen er omsynet til dei tilsette.

– Me har investert 10 millionar i året i nettet vårt, me har ikkje kapasitet til å oppretthalda dette nivået men det er forsatt behov for investeringar, seier Aarskog.

I det siste har Fitjar Kraftlag investert mykje i nettet til Sjøtroll ved Kvedno og til ferjeleiet i Sandvikvåg, sjølv om største delen av dette er anleggsbidrag. I 2018 er utrullinga av AMS det som er hovudinvesteringa. Men i framtida vil investeringane liggja på rundt 3 mill. i året.

Det fører til at Fitjar Kraftlag ikkje kan vera like mange tilsette som før. Styret meiner dei må redusera bemanninga, og dette ligg allereie inne i budsjettet for 2019 som styret arbeider med.

– I forhandlingane med Haugaland Kraft har me vore opptekne av å oppretthalda eller auka talet på tilsette i Fitjar, fortel Agnar Aarskog.

Han minner om at alle tilsette får med seg sin tenesteansiennitet og blir garanterte tilsetjing i HK-konsernet i minimum 15 år. Dette har vore viktig for styret, understrekar Aarskog.

Gunstig tidspunkt

Styreleiaren legg ikkje skjul på at tidspunktet for å inngå den nye avtalen har vore gunstig. Både BKK og Haugaland Kraft kom med bod på aksjane i Sunnhordland Kraftlag. Det same gjeld nettet til Fitjar Kraftlag. Og Haugaland Kraft sitt tilbod var best, på begge område.

Når det gjeld kraftnettet, tar ein utgangspunkt i NVE-kapitalen. Det er NVE som har fastsett verdien på nettet vårt. Dette er ein normal måte å berekna verdien av kraftnettet på, seier Aarskog. Me har framforhandla ein verdi som er over NVE-kapitalen.

Verdivurderinga av aksjane i SKL tar utgangspunkt i den fastsetjinga som blei gjort i samband med at Finnås Kraftlag selde sine aksjar til Haugaland Kraft. Store nasjonale rådgjevingsselskap har blitt nytta både med omsyn til avtaleverket og denne verdifastsetjinga, understrekar Agnar Aarskog.

Same metoden har blitt brukt både i Finnås Kraftlag og i Skånevik og Ølen Kraftlag. På morgondagens informasjonsmøte blir det ei grundig forklaring av korleis ein har kome fram til verdiane.

Forvaltar verdiane til beste for Fitjar-samfunnet

Styreleiar Agnar Aarskog er klar over at mange er opptekne av at dei må ta vare på arvesølvet. Han meiner det er akkurat det dei gjer.

Han meiner styret i Fitjar Kraftlag har funne den beste måten å ivareta leveringstryggleiken og servicegraden, og å få ned nettleiga. Målet har vore å ta vare på verdiane som har blitt bygde opp i 83 år og sikra verdiane for medlemmene våre.

– Me forvaltar arvesølvet så det ikkje forvitrar for framtidige generasjonar, seier Agnar.

Han lovar at det nye Fitjar Kraftlag vil vera eit framoverretta selskap som vil vera med og skapa ny aktivitet i Fitjar.

Selskapet som bli igjen frå 1.1.2019, vil ha fem tilsette, inkludert ein lærling. Fitjar Kraftlag skal i framtida driva med fiber, straumsal, straumproduksjon og smarthusprosjektet Hitch (styringssystem i hus).

Selskapet har eit forventa årleg resultat på 5–8 mill. før skatt. Det vil vera gjeldfritt frå 1.1.2019, og det vil bli betalt kjøpsutbyte til dei som handlar med Kraftlaget. Det vil bli betalt ut pengar til allmennyttige formål i Fitjar.

– Me vil samstundes sjå etter nye muligheter, nye aktivitetar som gir arbeidsplassar. Me vil ha økonomi og kompetanse til å vera med! understrekar styreleiaren, som vonar å auka talet på tilsette etter kvart.

Han ønskjer å leggja til at styret i Fitjar Kraftlag er genuint interessert i å utvikla Fitjar-samfunnet. Og han oppmodar alle interesserte om å komma på informasjonsmøtet i morgon kveld.