Det vert fire nye, spennande temakveldar i Fitjar kyrkje hausten 2012. Haustprogrammet startar med konsert med Marianne Juvik Sæbø og Terje Kleppe torsdag 30. august.

Temakveldar hausten 2012:

30. august:  «ARV» Konsert med Marianne Juvik Sæbø og Terje Kleppe

27. september:  «Miraklet i Sør Afrika.» Et møte med Nelson Mandela og Desmond Tutu, ved Einar Lunde.

25. oktober: Musikk-kveld med Fitjar Ad Hoc

29. november: «Den som ventar på noko godt..» Om venting og forventing, om å venta på svar, på kjærleiken, på lukka, på rikdom, på barnet og på forsoning og tilgjeving. Forteljing, song og musikk ved Kristin og Johannes Aadland