Tysdag kveld hadde karatesensei Sukhwinder Koløen den sjeldne gleda å dela ut tre nye svarte belte i karate.

Fram til i sommar var den spreke og ivrige karateleiaren frå Helland den einaste med svart belte i Fitjar Shotokan Karateklubb. Men no har han fått selskap av tre nye kuro-obi – svarte belte – i karate. Dette er første gongen nokon har gradert til svart belte sidan klubben med base i Øvrebygda blei skipa i 2007.


Terje Hillestad tar imot det svarte beltet. Foto: Kjetil Rydland.

Under JKA si sommargasshuku på Stord i juni graderte Trond Strand, Anne Berntsen og Terje Hillestad. Og på treninga tysdag kveld fekk dei utdelt kvar sitt svarte belte. Sukhwinder leia den korte, men høgtidelege seremonien. Først ute var Anne Berntsen, som dermed blei den aller første som fekk overrekt eit svart belte i Fitjar. Så kom turen til Terje Hillestad og Trond Strand.


Anne Berntsen med det svarte beltet. Foto: Kjetil Rydland.

Etter tur knelte dei framfor karatesensei Sukhwinder og tok imot det svarte beltet. Så tok dei av det brune før dei drog på seg det svarte beltet. Seremonien blei avslutta med at dei skåla i alkohofri champagne. Før heile gjengen gjekk laus på halvannan times knallhard kamptrening.


Skål for tre nye svarte belte! Foto: Kjetil Rydland.