Frå hausten av vert både band og fiolin ein del av kulturskulen sitt tilbod.

Kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jordåen gler seg over ei positiv utvikling i kulturskulen, og ser no fram til auka bemanning og nye tilbod.

I dag har kulturskulen 1,87 årsverk og tilbyr med det undervising til heile 93 elevar fordelt på til saman 102 plassar. Frå hausten av vil bemanninga auka til 2,11 årsverk og då håpar kulturskulen å kunna tilby så mange som 120 elevplassar. I tillegg til undervising i piano, gitar, song, messing, slagverk, tilrettelagt undervising, tverrfløyte og barnehageprosjekt som ein har i dag vert det og frå hausten 2011 undervising i band/ensemble og fiolin.

I Klokkargarden på Rimbareid skule, der mykje av kulturskuleundervisinga føregår, treff me Orlaug K. Evensen som truleg vert den nye fiolin-læraren. I dag underviser ho i piano og song, og gler seg no til og å få elevar i fiolin, som er hennar hovudinstrument. Orlaug har si utdanning frå Musikk-konservatoriet i Bergen og har spelt fiolin i snart 30 år. Ho seier at 7-årsalderen er ei fin tid å starta med fiolinspeling. Det finst eigne fiolinar til ungar, som er mindre enn den som Orlaug spelar på.

I 2006 kom det ei engasjert, fløytespelande dama frå Stord til stillinga som kulturskulerektor på Fitjar. Me møter ho i andre høgda i kommunehuset, på eit lite kontor fylt med diverse instrument og med utsikt over Fitjarvikjo. Anne Lene er glad i jobben sin og sprudlar over av engasjement og gode idear, og det stoppar ikkje med det, ho får og mykje gjort og har eit stort hjarta for den einskilde elev. No er gleda aller størst over dei nye tilboda, og ho står klar til å kjøpa inn små fiolinar som skal leigast ut til dei som ynskjer å læra å spela fiolin, men som ikkje har instrument. Bortsett frå fløyter som kulturskulen og låner ut, må elevane sjølv ha dei instrumenta dei skal læra å spela. Kulturskulerektoren vil gjerne oppmuntra unge til å velja fiolinundervising, og ser for seg ei stor gruppe med mange 2. og 3. klassingar. Men det er og rom for dei som er yngre eller eldre. Elles så har kulturskulen inga nedre eller øvre aldersgrense, bortsett frå på messing/korps der nedre aldersgrense er 3. klasse. Dei som har stått lenge på venteliste vert stort sett prioritert, men det er og andre ting som alder og kva grupper som passar som spelar inn.

Elevar som får individuell undervising har 20 minutt undervising kvar veke. Dei som får gruppeundervising har minimum 30 min. undervising i veka, alt avhengig av størrelse på gruppa, alder m.m. Undervisingstimane er lagt frå skuleslutt til utpå kvelden.

Anne Lene har lenge gått med ein draum om å kunna gje tilbod om danseundervising. Interessa er stor, og heile 23 elevar står på vent her. Midlane er der og, men det har ikkje lukkast kulturskulerektoren å få tak i lærar, så no er det tilbodet så godt som skrinlagt i denne omgang.

Men draumen om samspelundervising i band, den vert verkeleg frå hausten av. Anne Lene snakkar varmt om denne måten å driva musikkundervising på. Dei som ynskjer band-undervising kan søkja om dette som tillegg til si individuelle undervising, eller dei kan ha berre band. I eit band kan ein delta med dei fleste instrument, men det er uansett ein fordel å ha litt instrumentkunnskap på førehand. Har ein spesielle ynskje om kven ein vil spela i band med, må dette koma fram på søknaden.

Verkar det freistande å vera elev i kulturskulen, kan det vera verd å merka seg at søknadsfristen er allereie 1. april. Meir informasjon om kulturskulen, korleis ein kan koma i kontakt med kulturskulerektoren eller korleis ein søkjer kan ein finna på heimesida deira her.