Frå 1. juni justerer Fjord1 gassferjerutene ved ferjesambanda Sandvikvåg – Halhjem og Arsvåg – Mortavika på E39 mellom Bergen og Stavanger, melder Fjord1 i ei pressemelding.

Endringane av dei nye rutetidene kjem etter erfaring ferjeselskapet har fått sidan årsskiftet. I samråd med Statens Vegvesen fant dei det naudsynt å gjera tilpassingar på nokre av avgangstidene slik at det vert god flyt i trafikken mellom Bergen og Stavanger

Nye rutekort vert lagt ut på ferjene og dei nye tabellane vil bli offentleggjort på Fjord1 sine heimesider.