Fredag kveld var det på nytt klart for quiz på Fitjar Fjordhotell, og Team Siglo vann ein knapp siger.

 

Resultatet av kveldens quiz må seiast å vera oppskriftsmessig, med Team Siglo på førsteplass før dei to andre favorittane, Salmons og Hanen og hønene.

Åtte lag stilte til start, av desse to frå Bergens-kanten. Ingen av dei langvegsfarande gjestene nådde opp mot skarpskodde quizarar frå Fitjar.

Vanskegraden denne gongen lét til å vera passeleg, vinnarlaget fekk 35 poeng av 45 oppnåelege. Og berre 0,5 poeng bak kom Salmons, med Salomon Aarbø i spissen.

Geir Bjarte Hatlevik var som vanleg stødig og humoristisk quizmeister. Han lovar fem nye quizkveldar utover hausten, 25. september, 16. oktober, 6. november, 27. november og 18. desember.