Fitjar kommunestyre vedtok i dag einstemmig å følgja opp utval for oppvekst og omsorg si tilråding i det vidare arbeidet for Rimbareid skule.

Vedtaket lydde slik:

1. Kommunestyret legg utarbeidd byggjeprogram og forprosjekt til grunn for vidarearbeid med nybygg og rehabilitering av Rimbareid barne- og ungdomsskule.

2. Kommunestyret ber om at utarbeidd byggjeprogram og forprosjekt vert nytta ved snarleg utlysing av anbodskonkurranse.

Dette tyder at det no er bestemt korleis nye Rimbareid skule skal sjå ut, og det vidare arbeidet med skulen har følgjande agenda:

– Prosjektet vert no lagt ut på nettsida til Doffin («den nasjonale portalen for offentlige anskaffelser i Norge»). Her vil han liggja i 45 dagar, og her kan entreprenørane melde seg på. I tillegg vil prosjektet bli utlyst på tradisjonell måte, fortel ordførar Wenche Tislevoll til fitjarposten.no.

– Etter at dei 45 dagane er gått vil ein så vurdera anboda, og det vil sjølvsagt bli spennande å sjå om prisane som vert gjevne stemmer med kalkylane som ligg føre i dag, seier Tislevoll vidare.

Går det heile bra er det ikkje umogeleg at kommunestyret kan vedta kven som får oppdraget på sitt møte 20. juni i år. I så fall er det ikkje utruleg at nye Rimbareid skule står ferdig til skulestart på skuleåret 2014/2015.