«Perler frå bedehusland» samla smekkfull Kultursal då dette arrangementet var framført i samband med Årsmøtet til Indremisjonssamskipnaden i fjor vår. Fredag 22. oktober er det klart for nye perler.

Ein kombinasjon av glade bedehusmelodiar, allsong, gruppe- og solosong, bundne saman med små historier, synte seg å treffe folk heime. Kultursalen var ikkje berre full i fjor, over 100 måtte gå igjen utan å få plass.

Neste fredag kl. 18.00 inviterer ein difor på nytt til «Perler frå bedehusland». Dei som vert med i år er: Fitjar Barnegospel, Osternes Mannskor, Praise Him, Martin Hatlevik m/orkester, Ole Christian Ottestad, Fitjarbrørne, Fitjar Musikklag, Rydlandsgutane og Håkon C. Hartvedt.

Billettar a kr 100,- er å få kjøpt hos T. Træet på Fitjar, hos Sunnbok på Stord – eller ved inngangen. Born under 12 år: Gratis.