Arkivbilete Årskog barnehage i Fitjar. Foto: Hordaland fylkeskommue

Nytt barnehagetilskot frå regjeringa kan redde nedleggingtruga Åskog barnehage i Fitjar, som har gått med underskot sidan 2014.

Av: Harald Johan Sandvik

Årskog barnehage har sidan 2014 slite med underskot på drifta, og det vart ekstra gale i 2017, med eit underskot på kr. 143.000. 2018 har heller ikkje gått bra, delvis på grunn av at dei har to ledige plassar.

Difor søkte dei kommunen om ekstra tilskot, og Utval for oppvekst og omsorg rådde formannskapet til å løyva kr. 43.182 som ekstra tilskot for hausten 2018.

Då saka vart lagt fram for formannskapet i dag, ville ordføraren trekkja saka. Bakgrunnen var at barnehagen i mellomtida har fått eit direkte eingongstilskot frå regjeringa på kr. 431.654, på grunn av den nye bemanningsnorma for barnehagane. Dette løyser den økonomiske situasjonen for 2018. Eit lite tal barnehagar har fått slike direkte tilskot utbetalt.

Ordføraren trekte likevel ikkje saka, men kom med nytt framlegg. Det inneber at formannskapet set til side utvalet sitt framlegg til ekstra tilskot for 2018, og pålegg skulesjefen å ha tett dialog med barnehagen slik at ein kan få avklart på eit tidleg tidspunkt om det er grunnlag for vidare drift hausten 2019.

Dette vart samrøystes vedteke.

- Annonse -