Wärtsilä skal levere komplette og fullt integrerte kraftsystem og framdriftssystem til tre fartøy som vert bygt for Singapore-baserte Pacific Radiance Ltd.
For alle tre fartøya var høgare effektivitet, betre drivstofforbruk og lågare utslipp kunden sine viktigaste krav. Ordrane vart mottekne i løpet av andre kvartal 2012.
To 86 meter lange plattform- forsyningsfartøy(PSV) skal byggjast på Huang Pu verftet i Kina, mens Zhenjiang verftet, også i Kina, skal byggje eit hybrid ankerhandteringsfartøy (AHTS) med ei trekkraft på over 210 tonn.
Wärtsilä skal utstyre alle tre fartøya i løpet av 2013, og dei skal etter planen overleverast Pacific Radiance i første halvdel av 2014.