– Fitjar Mekaniske Verksted skal byggje ein forflåte til Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS på Austevoll, og arbeidsbåtar til Lerøy Vest og Seadive i Bergen, heiter det i ei melding frå FMV.

Allereie i oktober startar arbeidet med båtane, og dei  skal overleverast i mars, april og mai neste år. Forflåten er designa av FMV, medan Asbjørn Vik har vore med og designa dei to arbeidsbåtane. Vik  var òg med og designa «FMV201 Smaragd,» som vart overlevert frå FMV i sommar.

Den gode trenden ved FMV ser altså ut til å halda fram, noko ein fasit på tre forflåtar og tre arbeidsbåtar, til fire forskjellige selskap, og til ein totalomsetnad på mellom 70 og 80 millionar kroner, vitnar om.

Lyst på framtida

Selskapet på Fitjar omsette i fjor for 90 millionar kroner, noko som var lågare enn på mange år. Men direktør Hugo Strand ser lyst på framtida med alle dei nye kontraktane til havbruksnæringa.

– Me har satsa på dette marknadssegmentet, og då er det kjekt å oppleva at me lukkast med å få nye oppdrag. I løpet av sommaren så har me gjort investeringar i infrastrukturen som vil betra materiallogistikken og gje meir rasjonell produksjon. Me reknar med god effekt av desse tiltaka, skriv Strand på eige heimesida.

Dei skal byggja ein forflåte til Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS på Austevoll, og arbeidsbåtar til Lerøy Vest og Seadive i Bergen.

Båtane skal overleverast i mars, april og mai neste år, heiter det i ei melding frå FMV.

Arbeidet med båtane skal starta i slutten av oktober, og mesteparten av arbeidet vil skje hjå FMV på Sveiseneset.

70-80 millionar

Det er FMV sjølv som har designa forflåta, medan Asbjørn Vik har vore med og designa dei to arbeidsbåtane. Han var også med og designa «FMV201 Smaragd,» som vart overlevert frå verkstaden i sommar.

I løpet eit år vil FMV ha levert tre forflåtar og tre arbeidsbåtar, til fire forskjellige selskap. Totalt gjev det ein omsetnad på mellom 70 og 80 millionar kroner for FMV.