– FMV har sikra seg kontraktar med Lerøy Vest og Stava Sjø verdt i underkant av 30 millionar kroner, opplyser verftsdirektør Hugo Strand til fitjarposten.no.

Det er snakk om bygging av to forflåtar av eige design, og ein arbeidsbåt av Vestnorske Maritime as design.

– Forflåtene er me i gang med. Dei skal leverast i mars og april. Arbeidsbåten skal leverast i juni 2011, fortel Strand, og legg til:

– Dette er resultat av ei strategisk satsing FMV bestemte seg for å gjere sommaren 2010. Vi kallar ho «FMV Havbruk». 

Verftsdirektøren synest elles det er svært gledeleg at ein lykkast med slik innsats, og gjev mykje av æra for det til Åsmund Sørfonn og Geir Arne Isdahl.

– Dei er lokale heltar som begge har jobba i om lag 12 år på FMV, og som no utgjer produksjonsleiinga hos oss, seier han.

FMV er med dette sikra høg aktivitet i første halvår. – Det er gledelig for våre tilsette. – Dei har svært travle dagar no, og står godt på, sluttar Hugo Strand.