Årets påskegjester vil ikkje kunna nyta ei øl på Bryggekafeen i påsken. Arkivfoto.

– Me varsla at me måtte koma med strenge nasjonale tiltak om ikkje smitten gjekk ned. No kjem me med dei, uttala helseminister Bent Høie.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie kom i dag med regjeringa sine tiltak for påsken. Høie fortalde om høge smittetal, og ein ustabil situasjon.

– Dette vil vekka reaksjonar der det er lite smitte, men det er naudsynt med nasjonale tiltak no, fortalde Høie.

Tiltaka vil ta til ved midnatt natt til torsdag, kjem til å gjelda til 14. april.

Dette er reglane:

  • Nasjonal skjenkestopp
  • Forbod mot organisert trening inne for vaksne
  • Treningssenter må stenga for andre enn innbyggjarane i kommunen, samt rehabilitering
  • Arbeidsgjevar skal sørgja for at folk jobbar heimefrå der det er praktisk mogleg
  • Personar som har vore på unødvendige utanlandsturar må tilbringa heile karantenetida på karantenehotell

Dette er dei nye anbefalingane:

  • Ein meter vert til to meter
  • Maks to gjester på besøk
  • Munnbind der avstand ikkje er mogleg å halda
  • Bruk kjøpesenter i kommunen du bur i
  • Reise du til ein kommune med mindre strenge tiltak enn heimkommunen din bør du bli heima
  • Arrangement bør utsetjast