Det er tilsett leiarar i selskapa SIM Transport AS og SIM Tankrenovasjon AS. Begge kjem frå Haugaland Interkommunale Miljøverk IKS, og begge tek til i dei nye jobbane 1. desember. Evy Lærdal (43) skal leia SIM Transport AS. Ho arbeider i dag som Leiar Marknad i HIM og har innsamling av avfall frå Haugesund kommune som hovudoppgåve.

Jens Bakke (57) skal leia SIM Tankrenovasjon AS. Han har sidan årsskiftet vore leiar for drift og gjenvinning i HIM, men har fartstid i selskapet heilt frå 1985, då det heitte Toraneset Renovasjonsselskap.

SIM Tankrenovasjon AS vart kjøpt opp av SIM Næring AS i vår og heitte tidlegare Opedal Tankrenovasjon AS. Hovudkontoret ligg på Frakkagjerd. Etter dette er det fire selskap i SIM-konsernet; SIM IKS, SIM Næring AS, SIM Transport AS og SIM Tankrenovasjon AS.

15 søkte dei to leiarstillingane, som vart utlyste i juni månad.