Fitjarfestivalen i år gjev rom for nye kunstinnslag. 

Alma presenterer «Tiffani-teknikk»

Alma Kjærland er ein allsidig kunstnar. I det siste har ho jobba mykje med glaskunst, og laurdagen under Fitjarfestivalen vil ho kvar heile time demonsterere «Tiffani-teknikk» – ein gamal metode å utføre glaskunst på – utan brenning.

Lars Slettebø med IKON-utstilling

Lars Slettebø kan mykje meir enn å lage humørfylte avisteikninger. På fredag opnar han IKON-utstilling i Galleri Losjen.

Det vert opning v/ ordførar Wenche Tislevoll, og musikalsk innslag v/ Ole Christian Ottestad på saxofon. Gratis inngong.

Arrangør er  Fitjar Kommune Kulturkontoret/ Temakveld Fitjar Kyrkje

Bjørg Strømme med jakker i islandsk ull
At Bjørg og Maren Sofie Strømme sel spennande produkt i fiskeskinn er vel kjent, og du vil finne begge damene og produkta deira på stand under festivalen. I år stiller Bjørg òg med jakker i ull frå Island, som på biletet nedanfor.