Søndag 2. september startar kring femti 9. klassingar på konfirmantåret sitt.

Dagen tek til med presentasjon av konfirmantane i gudstenesta i Fitjar kyrkje. Etter gudstenesta blir det foreldremøte, før konfirmantane går på tur med kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu og Ellen Vestbøstad.

Turen går mot Svartavatnet frå vassverket, det er lurt å ta med seg niste, seier Nobu.

To dagar seinare startar konfirmantane med undervisning i kyrkja rett etter skuletid.