Torsdag kveld heldt Roald M. Nilsen kurs for nye klubbdommarar i Fitjar Idrettslag, og frammøtet denne gongen var godt.

Kvar vår held Roald Magne Nilsen kurs for nye klubbdommarar på 13 år eller meir. Dei siste åra har frammøtet på dette kurset vore godt, og slik også i år. Heile 20 unge og håpefulle jenter og gutar stilte opp, dei fleste fødde i 1999. 

Alle desse kan dømma barnefotball i dei yngste klassane, under 12 år. Roald Nilsen fortel at mange av dei som har delteke på kurs dei siste åra, er med framleis. Det er å håpa at desse held fram og på sikt blir klubbdommarar eller kretsdommarar. Til dette krevst vidare skolering i regi av kretsen, men Roald lovar oppfølging til dei som er interesserte i å satsa. 

Den første skikkelege eldprøven for dei nye dommarane blir Spar Fitjar Cup, første helga i juni. Då blir det samling for dommarane fredag kveld, dagen før turneringa startar. Og Roald lovar god oppfølging under kampane, laurdag 2. og søndag 3. juni.