Rekrutteringa av fotballdommarar i Fitjar Idrettslag kan vera sikra for lange tider framover etter at Roald M. Nilsen heldt det årvisse klubbdommararkurset onsdag kveld.

Kvar vår held dommaransvarleg i Fitjar IL, Roald Magne Nilsen, kurs for nye klubbdommarar på 13 år eller meir. Dei siste åra har frammøtet på dette kurset vore godt, og slik også i år. Onsdag kveld møtte gutane mannjamt opp; heile 16 gutar stilte, i tillegg til ei jente. Dermed er 17 nye klubbdommarar klare til innsats på fotballbanen.

Alle desse kan dømma barnefotball i dei yngste klassane, under 12 år. Roald Nilsen fortel at mange av dei som har delteke på kurs dei siste åra, er med framleis. Det er å håpa at mange av desse held fram og på sikt blir rekrutteringsdommarar eller kretsdommarar. Til dette krevst vidare skolering i regi av kretsen, men Roald lovar oppfølging til dei som er interesserte i å satsa.

I februar har fekk Fitjar Idrettslag ein ny rekrutteringsdommar. Då var Brynjar Skår Bergesen på dommarkurs på Brann Stadion. Der tok han dommarprøven utan problem. Dei som har nådd lengst av Fitjar-dommarane dei seiare åra, er Finn Ingvar Havnerås og Signe Kvalsvik Rydland. Andre dommarar som har nådd opp i systemet er Per-Gunnar Bukkholm, Geir Tore Søreide og Roald M. Nilsen. Av desse var det Geir Tore Søreide som nådde lengst; han har dømt mange kampar i 3. divisjon.

Kor langt dagens håpefulle kjem til å nå, vil berre framtida visa. Om kort tid vil dei får fløyte og dommardrakt av Finn Ingvar Havnerås. Gule og raude kort får dei ikkje, for det bruker dei ikkje på dette nivået. Deubuten sin får desse unge dommarane under SPAR Fitjar Cup første helga i juni.