Tone Brakedal har vore i Bergen og vunne fleire gullmedaljar under krinsmeisterskapen i friidrett.

Stor-KM 2013 Hordaland gjekk av stabelen på Fana Stadion, og Tone Sandtorv Brakedal frå Fitjar forsynte seg om vanleg grovt av premiefatet. Marginane var små for ei småskadd Tone denne gongen, men ho kom heim med tre gullmedaljar.

Fredag ettermiddag vann ho 60 meter hekk i solid motvind, på den sterke tida 9,78 sekund. Ho måtte trekkja seg frå tresteg og 200 meter på grunn av ein strekk. Men ho var ikkje verre skadd enn at ho fekk med seg to gull i dag. Ho vann 60 meter på 8,25 sekund, fire hundredelar føre Live Haugestad Hilton frå Bergens Turn. Ho er de einaste frå Vestlandet som av og til slår Tone, men altså ikkje då det gjaldt som mest, i KM. Lengdesprang vann Tone på 4,58 meter, fire cm lenger enn Kari Kuvaas Herting frå BergensTurn. Dei to siste hoppa måtte Tone stå over på grunn av strekkskaden si.