Torsdag 28. februar til søndag 2. mars vert det igjen fellesmøte på Øvrebygda skule. Sangevangelistane Hege og Odd Gunnar Bordevik  talar og syng på møta.

-Hege og Odd Gunnar Bordevik har talt ein del på evangeliesenteret sine møte, og hatt ei rekkje møte i Austlandsområdet. Nokon  har truleg òg sett dei på TV Visjon Norge sine møte frå evangeliesenteret.

Som tidlegare er det Pinsemenigheten Stord/Fitjar, Øvrebygda bedehus og Den frie evangeliske forsamling som arrangerer desse fellesmøta, seier Jarle Karlsen i arrangementskomiteen, og ønskjer alle velkomne til møta.