Det blir også i år fellesmøte i gymsalen på Øvrebygda skule. Møta startar torsdag 12. mars og varer til søndag 15. mars. Alle møta begynner klokka 19.30.

-Denne gongen er det Steinar Harila som skal tale Guds ord.

Han er frå Kristiandsand og leiar for misjonstiftelsen Hjelp til Russland. Mange barn som ikkje har eigd nokon ting og har levd i eit gammalt bygg utan varme, har no fått nye klede, eit heilt nytt hus og har det godt. Harila er òg ein fin forkynnar.

Lokale sangkrefter deltek med sang og musikk. Sett av desse dagane, kom og  ta gjerne nokon med deg, oppfordrar Jarle Karlsen i arrangementskomiteen.