Det har vore ein tradisjon dei siste åra med fellesmøte i Øvrebygda. I år er det pinsemenigheten Stord/Fitjar og Øvrebygda bedehus som står bak fellesmøta.
Møta startar torsdag 4. mars og varer til og med søndag 7. mars.
Talar i år er Torstein Grotbæk. Han har vore forstandar i Pinsemenigheten i Haugesund og i fleire andre pinsekyrkjelydar på Austlandet. Vidare har han vore styreleiar i Evangeliesenteret.
-Grotbæk forkynner eit klårt bodskap om Jesus, understrekar Jarle Karlsen i felleskomiteen.