Tradisjonen tru blir det også i år fellesmøte i gymsalen på Øvrebygda skule.

Det er pinsemenigheten Stord/Fitjar og Øvrebygda bedehus som arrangerer desse møta. Fellesmøta finn stad kvar kveld frå torsdag 14. mars til søndag 18. mars. Det vert bøn ein halv time før kvart møte.

– I år skal Kurt Urhaug tala Guds ord i møta. Han er redaktør i bladet Evangelisten. Det er eit kristent evangelisk blad. Urhaug reiser òg rundt i forskjellige kyrkjelydar og forkynner Guds ord. Han forkynner Guds ord enkelt og klart, fortel Jarle Karlsen i komiteen for møta.