– Ugland Supplier AS bestiller nytt platform-supplyfartøy av typen SALT 100 PSV. Designen vert gjort av Salt Ship Design, opplyser salsdirektør Tor Henning Vestbøstad til fitjarposten.no

Fartøyet skal byggjast ved Kleven Verft AS i Ulsteinvik og skal overleverast rederiet januar 2014. 

– SALT 100 inneheld fleire nye og framtidsretta løysnigar, og er skreddersydd for å møte oljeselskapene sine krav til ein moderne PSV. SALT 100 kombinerer nyvinningar innan design og teknologi for å oppnå bedre driftsøkonomi, høgere sikkerheit og meir effektiv operasjon. Fartøyet har vidare svært lågt drivstofforbruk og er det første i sitt slag som tar i bruk ein ny og meir effektiv løysing for lasthandtering.

– Vi set stor pris på at Ugland vel eit design fra oss, seier Tor Henning Vestbøstad.

– Det har vore eit spennande samarbeid som har resultert i et svært framtidsretta fartøy, legg han til.

– SALT 100 er et produkt av et godt samarbeid mellom Salt Ship Design, rederi, verft og utstyrsleverandørar, og det er forventa at prosjektet vil gi viktige leveransar også til lokale utstyrsleverandørar. SALT 100 har en total lengde på 88,9 m, er 20,0 m bred og har et dekkareal på 1035 kvadratmeter. 

Salt Ship Design har i det siste signert fleire viktige kontraktar. I tillegg til nye accommodation-fartøy til Østensjø Rederi AS/Edda Accommodation AS, har også Eidesvik Offshore AS nyleg bestilt nytt offshore konstruksjonsfartøy som skal byggjast ved Kleven Verft AS. Alle desse er designa av Salt Ship Design.