Det er ingen badande gjester å finna i Breiavikjo, men det me ser lovar godt for badesesongen.

For nøyaktig ein månad sidan kunne ein her på Fitjarposten lesa om det omfattande arbeidet som vert gjort med opprusting av badeplassen Breiavikjo. No er grushaugane vekke, det har kome opp «No camping»-skilt og ein kan sjå at «nya» Breiavikjo tek form. Grus og sand er på plass på sandvolleyball-banen, moloen har fått støypt dekke og det er laga klart for veg tilpassa rullestolbrukerar. Det er friluftsrådet Vest i sambarbeid med Fitjar kommune som står for oppgraderinga av badestranda, som ligg i nordenden av Storavatnet.

Det skal lagast veg tilpassa rullestolbrukerar i Breiavikjo.

Nye Breiavikjo.

Det er stille på badestranda og det ligg fortsatt litt is på vatnet, men me ser lett for oss at her kjem mange både små og store til å kosa seg til sommaren.  Sandvolleyballbanen ligg heilt til høgre på biletet.

Sandvolleyball-bane heilts innst i vika.

Sandvolleyball-banen ligg heilt inst i vika.

Kaldt i vatnet i dag.

Kaldt i vatnet i dag.

Rullestol vegen skal gå heilt frå parkeringsplassen via moloen til sandvolleyballbanen.

Vegen som skal tilpassast rullestolbrukarar skal gå frå parkeringsplassen, via moloen og til sandvolleyballbanen.