Over 30 karateungdommar, med Sukhwinder Koløen i spissen, har vore på Stord i helga og gradert til nye belte under JKA sin sommargasshuku.

Årets sommargasshuku var den 20. i rekkja som har blitt arrangert på Stord. Denne gongen var det deltakarrekord med rundt 450 utøvarar. Frå Fitjar Shotokan Karateklubb deltok 32 utøvarar, noko som også er rekord.

Foreldre og lagleiarar fortel om god innsats av dei unge utøvarane frå Fitjar. Dei viste seg både sterke og flinke, og det var lite syting, verken over nasablod, kroppsdelar ute av ledd, forstuingar eller andre skavankar, får me opplyst på velinformert hald.

Laurdag graderte dei som hadde lilla belte og oppover. Det enda med tre nye svarte belte i klubben, til Trond Strand, Terje Hillestad og Anne Berntsen. Bjarte Maraas graderte til tredje og siste brune beltet, medan Heidi Maraas, Kari Anita Larsen og Adrian Halleraker graderte til første brune belte.

Sukhwinder Koløen graderte seg til tredje svartbelte, sandan. – Det er ei bragd det står stor respekt av, og kjem som eit resultat av tallause økter i dojoen og knallhardt fokus gjennom mange år, seier karatekollega Bjarte Maraas til Fitjarposten.

Søndag var det gradering for kvitt til blått belte. Alle frå klubben som gjekk opp til gradering på søndag fekk bestått, og det blei mange blide fjes og nye belte i klubben. Alexandra Maraas, Jonas Forland, Martine Korsvik og Victoria Maraas fekk lilla, Hans Christian Helland, Brita Helen Larsen og Katarina Maraas fekk blått, Nicolai Agdestein, Linnea Nordbustad, Leander Helland og Andrea Hillestad fekk oransje belte.

Bjarte Maraas rettar ein stor takk til Stord Karateklubb og JKA Norge som arrangerer slike flotte idrettsarrangement. Han legg til at Fitjar-klubben er i jamn vekst og har 40 medlemmer. Etter skuleferien tar dei inn nybegynnarar, og ynskjer alle velkomne til å komma og prøva karate.


Den store flokken frå Fitjar Shotokan Karateklubb saman med instruktørane på sommargasshuku.