Har du sett nordlyset dei siste kveldane? Det har mellom anna Kjell Korsvik og Kathrine Korsvik gjort.

Kjell har sendt oss dei nydelege bileta du kan sjå i denne artikkelen, men bileta er tekne av Kathrine.

– Me var ute og såg på nordlyset tysdag kveld, og me klarte å ta nokre flotte bilete av det. Tenkte at det kanskje kunne vere interessant å sjå for andre også, skriv Kjell. På bileta fekk Kathrine fanga eit nydeleg fargespekter, som naturlegvis kjem betre fram på eit bilete med 20 sekund lukkartid.

Bileta er redigert litt for å dempa lysa frå husa nede på bilete.