På Prestbø modnar bringebæra for alvor, og Jostein leverer flotte bringebær heime i tunet sitt.

Det var ein vel fornøgd bærbonde Fitjarposten møtte på Prestbø onsdag ettermiddag. Han kunne visa fram dei finaste bringebæra nokon kan tenkja seg, og det er ikkje måte på mengder. Etter at han plukka 70 korger dagen før, har modninga formeleg eksplodert. I løpet av onsdagen kunne dei plukka heile 150 korger med nydelege bringebær.

Josten Prestbø fortel at det er litt meir enn eit dagsverk å plukka så mange bær; 15 kroger i timen er bra plukketempo. Han har ikkje hatt problem med å bli kvitt bringebæra sine så langt. Litt har han levert til Odd Larsen AS på SPAR, men det meste sel han heime i tunet sitt. Me kunne konstatera både i drivhuset og i salsboda at kvaliteten er upåklageleg. Store og fine bær!

Nede ved den gamle dokterbustaden har Jostein sett opp skilt, slik at kundane skal finna vegen opp til Prestbø. Om det er dette skiltet som har ført båtturistar opp til han, er uvisst. Men han har iallfall hatt fleire båtturistar på besøk, og spørsmål frå Stord og andre fjerntliggjande stader. Fortel Josten Prestbø mellom alle telefonane som strøymer inn medan han låner øyra til oss.