Skal ikkje sjå vekk i frå at det vert fullt på Fitjar sjø og camping i dette veret.

Nyt finveret medan de kan. På søndag er det meldt regn att.

Men med fri heilt til tysdag er det nok mange som lurer på kva dei skal finna på i helga. Heldigvis skjer det mykje spennande på Fitjar og i nærleiken.

Den sportye nyttar kanskje sjansen til å gå nokre Telltur-ar, eller jakta o-gruppa sine stolpar i sentrum og i Midtfjellet. Kanskje ein til og med kan slå til med årets første bad etter ein lang tur.

Om du har meir lyst til å heia på sporty folk kan ein besøkja handballfestivalen på Leirvik. Den går av stabelen for 30.gong. Fleire Fitjarlag skal spela og kamplister finn ein her.

I helga går andre runde i NM for crosskart, og Vikedal motorbane er staden for dei som likar det. Les meir her.

Den samfunnsengasjerte kan ta turen til PS Bryggekafe ved Port Steingard for å koma med sine innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel.

I Fitjar kyrkje vert det gudsteneste på søndag, før ein flyttar gudstenesta ut i Fitjarfjellet 2.pinsedag for skaparverkets dag.

- Annonse -

Etter ei lang helg kan ein roa seg ned med ein tur til Fitjar Kino på måndag, for «X-Men: Dark Phoenix» kl.19.00.

Minner om at både Spar Fitjar og Rema 1000 Fitjar stenger kl. 16.00 på pinseafta (laurdag), og held stengt søndag og måndag.