Den nydelege sommardagen kasta bokstaveleg talt glans over Hatlevikbasaren i år, og folk baud som aldri før.

Det skjedde mykje denne helga, så det har nok vore meir folk på Hatlevikbasaren tidlegare enn det var i år. Men så baud dei som var til stades desto høgare under auksjonen , og me vil bli veldig overraska om ikkje basaren også dette året kan sende rundt 100 000 kroner til Betelskipet Elieser og Den indre Sjømannsmisjon. Til dømes fall ikkje hammaren før "skipskista til vesle Daniel"  var komen opp i 16 000 blanke kroner.

Som vanleg var det både andakt og song i tillegg til auksjon og åresal, leia av Eivind Grasdal. Etter debuten i fjor,  byrjar han no å bli varm i auksjonstrøya. Og låtten runga stadig etter treffande og morosame kommentarar i frå stordabuen. 

Elles mottok eldsjelene Knut Nordfonn, Rasmus og Salomon Hatlevik, velfortent heider i form av blomar ved Gudrun Undal frå hovudkontoret til Den indre Sjømannsmisjon. Og som Gudrun  sa: -Me må ikkje gløyme kvinnene som står bak! For dugnadsjobben dei gjer bak kulissane er berre heilt formidabel.

På det meste var det rundt 500 til stades ved denne tradisjonsrike basaren i Fitjarøyane i dag, og, etter det me kunne sjå og høyre, koste folk seg retteleg i øyriket som så absolutt viste seg i frå sin beste side i dag.

Lydfirmaet LIVEPRO må òg nemnast. Lyden i år var berre utruleg bra.