I det fantastiske vintervêret i dag koste både store og små seg på isen på Vestbøstadtjødno.

Ei av dei var Elisabeth Moldestad som skeisa rundt med vesle Ole Kristian på akebrett. – Det er første gong i år, smiler ho, og me tippar at det ikkje blir siste.

Mats Olsen Vik (10) fekk skeiser for to år sidan og har ikkje fått brukt dei veldsig mykje. Men så langt i år har han vore på isen både med skulen og med eit bursdagsselskap, og i dag glei han rundt åleine i fin stil. – Kjekt. Eg kjem meg så fort fram når eg skeiser, seier han.

Tori Vestbøstad var på isen med skeiser for første gong, men ho klarte seg fint og hadde det skikkeleg gøy saman med venninna  Mathea Olsen Vik.

– –

I følgje yr.no vil det halde seg kaldt heilt fram til fredag, så du har framleis sjansen til å børste støvet av skeisene og sjå om du framleis finn balansen. Det har me tenkt å gjere i morgon.

Når det gjeld vatn som er trygge eller ikkje seier fitjarlensmann Svein Lunde det same som dei på Stord at det vert opp folk sjølve å måla om isen er sikker. – Men generelt er sjøis ikkje så fort trygg som is på vatn, og ein må passa seg spesielt for elveosar og liknande forhold, understrekar han.