Rolf-Atle Rolfsnes og medhjelparane hans vart nok gledeleg overraska då dei såg alle som kom for å lære om orienteringssporten i ettermiddag.

Bra mange born og foreldre hadde latt seg inspirere av Rolf-Atle sin annonse: «Innføring i kartteikn, korleis ein orienterer kartet, og litt om kva som er viktig for å finne fram i terrenget ved hjelp av kart og kompass. Det blir òg litt informasjon om o-sporten på Fitjar og elles i Sunnhordland, og kva me… »

Kurset starta med ein liten filmsnutt som gav eit lite inntrykk av korleis ein spring over haug og hammar for å følgje ei orienteringsløype: tett skog, vått lende, bekk, knausar eller flat mark. Oppgåveløysing vart ikkje vist, men det er kanskje mest spennande. Det skal deltakarane få sjå etter kvart. Kart er eit viktig hjelpemiddel i orientering og difor må ein først lære å forstå ulike teikn og fargar. I dag vart det lagt vekt på teori og seinare møtest ein ute i terrenget for å få med seg praktisk lærdom.

Komande onsdag er neste samling og Rolf-Atle seier: Bli med sjølv om du ikkje hadde høve til å vere med i dag.

 Aktuelle nettsider: http://nof-orientering.org

http://nesodden-orientering.org/abckurs/