Sunnhordland birøktarlag skipar til kurs i birøkt på Svortland om eit par veker.

Det er Ingelill Eide som fortel dette til Fitjarposten. Ho seier at ho har gått på eit liknande kurs sjølv, og er svært godt fornøgd.

Kurset blir halde på Svortland, og startar 11. februar. Kurshaldar blir Jan Sigve Særsten Robberstad, honningprodusenten Snill Bie frå Bømlo.

Han seier at Fitjar er ein ypparleg stad for birøkt, dersom du skjermar dei for den verste nordavinden.
Bier høver godt som attåtnæring for bøndene, meiner han.

I Sunnhordland er det lange tradisjonar for birøkt, honning har vore viktig ei viktig næring, både som biinntekt og yrke. Lyngen på våre kantar gir ein utsøkt smaksoppleving – kjent langt utover landets grenser, seier kurshaldaren.

Han nyttar høvet til å leggja inn eit ekstra godt ord for biene: «Biene er som visarane på uret – dei fortel oss noko om tida me lever i. Desse små skapningane fortel oss mykje om korleis menneska forvaltar jorda. Biene er livsviktige i naturen og i matproduksjonen. Stadig ser me i nyhendeoppslag at utan bier, så går verda under.»

I Fitjar er Onar Westerheim ein røynd birøktar, og han har til dømes kuber hos Jostein Prestbø for pollinering av bringebær og bjørnebær. Og kubene som Onar hadde i området rundt kyrkja gav store mengder honning. Han vil vera støttekontakt for dei som har lyst å starta med bier i Fitjar.

Dei som ønskjer seg ein ny hobby eller ei ekte biinntekt, bør ta kontakt på telefon 91735873 eller e-post honningbia@online.no.