Liv Kari har det godt i fellesfjøset på Rydland. Foto: Kjetil Rydland.

Frå fellesfloren på Rydland helsar Wenche og Liv Kari godt nytt år.

Her står Wenche, kvigekalv nummer 1222 på Rydland. Foto: Kjetil Rydland.

I dag skal alle kalvar ha ei namnebrikke som stadfestar identiteten til dyret. Desse brikkene har eigne nummer, og no er nummera til kvigekalvane på Rydland komne opp i 1221 og 1222.

Dermed var det ikkje vanskeleg å finna namn på dei søte, små kalvane. Kommunenummeret til Stord er 1221, og då måtte kalven få namnet Liv Kari. Like naturleg var det for kalv nummer 1222 å få namnet Wenche.

Skikken med å gi namn som Litago og Dagros til kyr har rett nok gått av moten. Men med desse nummera gav det seg sjølv at kalvane måtte få høvelege namn, fortel bonde Harald Rydland.

Pensjonist Lars J. Rydland fortel at nummeret følgjer dyret heile livet, og er registrert i husdyrkontrollen hos TINE.

– Dersom eit dyr ikkje har eit slikt merke, er ikkje kjøtet etande, seier pensjonisten, som slett ikkje er gått ut på dato.

Meir presist tyder det at slakteriet ikkje tar imot dyret, og du kan naturlegvis eta kjøtet dersom dyret til dømes blir slakta ved nødslakt heime. Og dersom eit dyr misser brikken sin, kan du tinga erstatningsbrikke med det same nummeret.

Bøndene på Rydland har ikkje valt desse nummera sjølve. På brikken står produsentnummeret i tillegg til nummer på enkeltindividet. 12220055 står for nummeret som Jens L. Rydland i si tid hadde i Husdyrkontrollen.

Samdrifta på Rydland bruker no dette produsentnummeret fordi driftsbygningen står på den eigedommen som i si tid høyrde til Jens L. Rydland. I dag er det Karen Elisabet Rydland Sæbø som har overteke etter far sin, Lars J. Rydland. Alle dei fire medlemmene i samdrifta Rydland Storfe DA eig eit visst tal dyr, det same talet som dei åtte då dei gjekk inn i samdrifta for 10 år sidan. Men etter reglane for samdrift skal alle dyra vera registrerte i Husdyrkontrollen under eitt produsentnummer.

Nummera på enkeltindivid følgjer fortløpande sidan dei begynte å registrera storfe i husdyrkontrollen på dette bruket. Ku nummer 1 i storfekontrollsystemet tilhøyrde far til Jens L. Rydland, Lars Rydland, f. 1884. Ho var fødd hos Helge T. Koløen 2. april 1933. Ho blei ført inn som nummer 1 i Stambok for oksar og kyr hos Lars Rydland, med namnet Sylvi.  Så vidt me veit blei ho ikkje kalt opp etter ein politikar …

I ein del år blei produsentnummeret tatovert inn i det eine øyra på kalven, og individnummer i det andre øyra. Seinare gjekk ein over til aluminiumsbrikker, før dei gule plastbrikker som blir brukte i dag. Og no var dei altså komne fram til dei svært så brukbare nummera 1221 og 1222.

Denne stutkalven må stå ute i ruskeversnatta, men det skal vera godt for helsa, seier bøndene på Rydland. Foto: Kjetil Rydland.

Denne namnlause stutkalven måtte feira nyttår ute i ruskevêret, men etter det me forstår på Rydlands-bøndene er det godt for helsa. Foto: Kjetil Rydland.